Enebakks biblioteksjef, Oddmund Kårevik, mener Rykkinn bibliotek i Bærum har et av det aller mest spennende arrangementene under årets festival, nemlig «Ut av skyggene med Shazia Majid. Selv har han selveste Bobbysocks-Bettan, Elisabeth Andreassen, på programmet. Kårevik trekker fram samarbeid som en suksessfaktor for festivalen.

 Hva skjer hos Enebakk bibliotek i løpet av litteraturfestivalen?
Me har ei slags «lokal» vending i år. «Lokal» får vere i hermeteikn – for det stemmer ikkje heilt. Eit høgdepunkt blir Barnebokbad på Ytre Enebakk skole med A.Audhild Solberg. Ellres kjem Bettan til biblioteket og det er amazing! Dette er takka vere Arnhild Skre, vår lokale prisløna forfattar som har skrive biografi om henne. Det blir ein samtale mellom dei to ein fredagsveld. Me gler oss vilt!  Elles så skal me ha eit samarbeid med Enebakk kirke, som er ei nydeleg middelalderkirke som ligg i nærleiken av biblioteket. Diktlesing ved Bengt-Erik Børli frå Flateby og Steinar Opstad som er fersk tilflyttar til Ytre Enebakk. Og på siste lørdagen i festivalveka får me også besøk av den fantastiske Camilla Kuhn. Dette blir heilt sikkert blir eit høgdepunkt for meg. Eg kjem sikkert til å vere sliten på det tidspunktet – og då er det bra å le. Og det er få som får meg til å le så høgt (og grine fordi eg ler så mykje) som Camilla Kuhn.

Hvilken betydning har festivalen for bibliotek og befolkningen i Enebakk?
Eg syns Litteraturfestivalen er eit utruleg fint løft – det har blitt ein tradisjon. Eg veit at kvart år er det Litteraturfestival i veke 43. Me har også blitt satsa på og fått veldig god bistand av Fylkesbiblioteket – ikkje minst gjennom Barnebokbad, det gjer at me når ut til eit større publikum, og også det som må vere framtidas publikum nemleg barn og unge. Det var ein enorm suksess i fjor og me gler oss til i år. Det kan vere utfordrande å finne arrangement som treff. Mi erfraring er at det er lurt å samarbeide med andre. I år har eg eit arrangement saman med Enebakk kirke. Me når litt ulike segment – og eg trur det blir fint å slå saman kreftene denne kvelden.

Er det i år noen av de andre bibliotekenes arrangementer du synes ser ekstra spennende ut – og vil trekke fram?
Eg syns Rykkinn – som er ein filial under Bærum bibliotek har eit av dei aller mest spennande arrangementa under litteraturfestivalen i Akershus.  «Ut av skyggene»: med Shazia Majid. Majid fortel med utgangspunkti boka si med tema innvandrarkvinner i Norge.  Dette arrangementet har så mange ting i seg. Ei interessant bok-  heilt sikkert ein interessant forfattar  -dessutan at det også blir lagt opp til ein debatt og samtale om teamet. Eg håpar det kjem mange og at dei får ein fin samtale. Imponert over at dei får til slike arrangement på ein mindre filial. Eg legg også merke til at det er fleire som samarbeider om arrangementet. Det er alltid eit godt teikn.

Det andre arrangementet som eg nok trur bli fantastisk er Thorvald Steen på Nesodden bibliotek. Han skal bli bokbada av Liv Jessen tysdag 22.oktober kl.18. Alle burde oppleve Thorvald Steen. Han har eit sjeldant nærvær. Eg har berre høyrt han ein gong, men gløymer det aldri. Han var på besøk og hadde gjesteforelesing på Barnebokinstituttet kor eg var student. Det var heilt på starten av studiet. Me hadde besøk av mange forfattarar sidan, men ingen nådde opp til Thorvald Steen for meg.

Her finner du Enebakk biblioteks festivalprogram: www.litteraturfestivalen-akershus.no/program2019/?category=Enebakk+bibliotek

Journalist og forfatter Arnhild Skre har skrevet biografien Bettan, om Elisabeth Andreassen. Møt de på Enebakk bibliotek til en livsnær samtale om musikk, kjærlighet og livsmestring.

 

 

Translate »