Mette Rysjedal er biblioteksjef i Lørenskog og gleder seg over et godt og variert festivalprogram. Hun ekstra stolt over å ha fått tak i forfatter, psykolog og forsker Helene Flood som i år krimdebuterer med «Terapauten» – en bok som alt er solgt til 23 land.

Helene Flood. Foto: Julie Pike.

Hva skjer i Lørenskog  under litteraturfestivalen 2019?
Eg er så fornøgd med at vi har eit godt og variert program under årets festival i Lørenskog. Vil spesielt trekke fram at vi får besøk av Aon Raza Naqvi, redaktøren av boka «Third culture kids». I boka deler 28 unge menneske sine historier i form av fortellingar og kunstuttrykk, og gir eit bilde av eit fleirkulturelt Noreg. I Lørenskog har vi mange unge med fleirkulturell bakgrunn, og det er viktig å løfte fram desse stemmene. Anbefaler alle å lese denne boka, og ikkje minst komme til Lørenskog for å høyre Aon snakke om den. Må også nemne vår årlege krimkveld, der Nils Nordberg har med seg Helene Flood og Terje Bjøranger. Bjøranger er ein av våre lokale krimforfattarar som vi set stor pris på å ha besøk av. I år er vi spesielt stolt over å ha fått tak i Helene Flood, som debuterer som krimforfattar og allereie har oppnådd internasjonal interesse. Det vert ein spennande kveld! Elles kan eg nemne at vi får besøk av Poesibussen, forfattar og illustratør Alice Lima de Faria les og fortel for dei minste frå boka «Fuglefesten», vi har vår månadlege litterære halvtime med litterære drops, og ikkje minst kjem Marianne Mjaaland og Kjetil Unneberg, som i samtale med Anne Gaathaug deler erfaringar gjennom boka «Samtaler fra et ekteskap».

Mette Rysjedal.


Hvilken betydning har festivalen for Lørenskog bibliotek og befolkningen i kommunen?
I Lørenskog er vi heldige og klarar å ha eit godt program for innbyggarane jamt over. Det er som er fint med Litteraturfestivalen er fokuset på litteratur og at vi har fleire arrangement akkurat denne veka. Kjensla av å vere ein del av noko større er fantastisk fin, og festivalen gir alle innbyggarane moglegheita til å finne eit arrangement som passar sine interesser, også utover kommunegrensene. Fylkesbiblioteket i Akershus gjer ein utruleg bra innsats, og hjelper oss med å få til det lille ekstra.

Er det i år noen av de andre bibliotekenes arrangementer du synes ser ekstra spennende ut – og vil trekke fram?
Det er mykje bra, men tre arrangement framhevar seg av reint personleg interesse. I Bærum får dei besøk av Per Anders Todal som har skrive boka «Havlandet : historia om hava som skapte Noreg», og som den vestlendingen eg er synst eg det er spennande. Kunne også tenkt meg  «En kveld med Tore Renberg» i Oppegård, og til sist Astroshow med Sannes & Ødegaard enten i Skedsmo eller Sørum.

 

 

 

Translate »