lør
27
okt2018

Gamle Ringeriksvei 44, 1356 Bekkestua

Are Kalvø om sin nye bok

12:00

Hvor: Bærum bibliotek Bekkestua

Gamle Ringeriksvei 44, 1356 Bekkestua

Pris Gratis

Are Kalvø vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. Dette har aldri vore eit problem. Før no.

For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell. For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer. Kva driv dei med på desse hyttene om kvelden? Kva snakkar dei om? Er det rom for å seie til nokon ein møter i fjellet at ein synest natur er oppskrytt? Eller blir det dårlig stemning då? Og kven reiser eigentlig frivillig på ferie til ein plass som heter Myggheim? Hyttebok frå helvete er
ei svært morsom og litt sint bok om nordmenns merkelige forhold til naturen. (Fra forlagets omtale.)

ARE KALVØ er ein av Norges fremste komikarar. I 25 år har han gjort stand up og satire. Han har òg laga musikalar, revyar, ein opera og skrive 11 bøker om ulike emne: religion, politikk, fotball, ferie og tidsbruk. Han skriv ofte om ting han ikkje veit så mye om. Dette er første gang han skriv om noko han ikkje forstår.

Høvik bokhandel stiller med bøker for sal og signering. Gratis inngang.

Category  Bærum bibliotek

Last ned arrangementet til din kalender

Tilbake til oversikt program

Translate »